Fantastisk innsats i Sagvåg!

Fantastisk innsats i Sagvåg laurdag 30. september, både i Sagvåg hamn og ute på Sagvåg fergekai! Tilsaman ca.7 tonn marint avfall, fordelt på 3040 kg skrot og båt på 3980 kg, blei tatt opp av sjøen og frakta bort! 
26 personar deltok i alt denne dagen på land og i sjøen for å gje oss eit godt resultat både materielt, og ikkje minst sosialt! Fridykkarane og apparatdykkarane fant mengder av; syklar, handlevognar, store og små dekk, bildelar, batteriar, komfyr, mopedbil, båtvrak og mykje anna både av metall, plast og tre. 

Kjempeinnsats i teltet av forsyningstenesten; Jon Arne med lappekaker og pølser. For ikkje å snakka om dagens store overrasking; suppe til alle frå Sagvåg Kystlag! Dei stod på for oss! Kjempedag, tross vind, plaskande nedbør og ikkje alt for mange tilskodarar. Dei som kom nedom kaien ga til gjengjeld mykje skryt til deltakarane. 

Takk til Sparebankstiftelsen DNB som gjennom Norges Dykkeforbund har gjort det mogleg å gjennomføra aksjonen med alt det flotte samle og løfteutstyret til å ha avfallet i, til Stord kommune med Hamnestellet (Blåkraft og Frode Tverborgvik), SIM med Hella transport (Arne Hella,bil med løftekran og to konteinere), og Haugland transport (med bil og stor løftekran godt betjent av Richard Ånderå Kvarven).


20170930 11252520170930 11254520170930 11270920170930 12204020170930 12470020170930 12471020170930 12471320170930 13011520170930 13011820170930 13021620170930 13114220170930 14334120170930 14350420170930 14381720170930 15063720170930 150722IDA 20170930_142724IDA 20170930_152515IDA 20170930_153416IDA 20170930_154424IMG 5916IMG 5919IMG 5920IMG 5921IMG 5923IMG 5925IMG 592720170930 152404IMG 592820170930 14330620170930 15231820170930 15443320170930 154437