Innkjøp av ny kompressor

Me har som du er kjend med hatt vår gamle kompressor til reperasjon i Haugesund i ein lengre periode. I denne tida har me disponert ein lånekompressor frå firma som har hatt jobben. No viser det seg at det ikkje er økonomisk tilrådeleg å vøla den gamle kompressoren frå 1977.

mariner250 gr

Klubben vår er heilt avhengig av å ha kompressor med god kapasitet og god luftkvalitet. Det er derfor bestemt at me må investere i heilt ny kompressor. Me ynskjer då å gå til innkjøp av ein Bauer kompressor levert frå Alf Lea i Haugesund. Denne kompressoren har elektronisk overvaking av luftkvalitet og stopper automatisk om det skulle vere noko i vegen med luftkvaliteten. Denne kompressoren kostar kring kr. 100.000,-

Klubben arbeider no med å få på plass finansiering og har som eit av tiltaka utarbeidd eit tilbod til våre apparatdykkarar om å førehandsbetale Maxi medlemskap for to år. Dette i saman med andre tiltak og innhenting av sponsormidlar og støtte frå NDF vil gjere oss i stand til å realisere kjøpet.

Prisen vil då vere kr. 2500,- som kan innbetalast til konto 3520.62.09311
Hugs å merke innbetalinga med ditt namn!

Me vil sette stor pris på om du ville vere med på denne økonomiske dugnaden for klubben din.
Ny kompressor vil vere ei vesentleg nivåheving og eit verdifullt bidrag til å gjere sporten vår tryggare. Luftkvaliteten er også viktig med tanke på medlemmane sitt private utstyr (flasker/ventilar).