Oppdatering om kompressorsituasjonen

Litt oppdatering om kompressorsituasjonen vår...

Ny kompressor er bestilt, etter vedtak på ekstraordinært årsmøte. Denne vert levert frå Alf Lea & Co i Haugesund. Den er av typen Bauer Mariner 250, og gir oss blandt anna mulighet til 300 bar fylling for dei som treng det, samt elektronisk overvaka filter.

Det er litt leveringstid på kompressoren, då alt skal fabrikkmonterast i Tyskland dør det vert sendt oppover. Me håpar ny kompressor er på plass tidleg i august. I mellomtida skulle me få låne ein kompressor frå Alf Lea, men dei ventar desverre på deler til denne, så det er litt uvisst når den blir klar.

Eg har vore på sommarferie, men tek kontakt med Lea på måndag for oppdatering.