Ny kompressor på plass

IMG 1424Då kan me med glede melda at den nye kompressoren er på plass i bua nede på Eldøy! Dermed står me igjen klar til å betjene luftfylling for medlemmer og tilreisande.

Foreløpig er ikkje flaskebanken kobla inn, dette kjem me tilbake til utover hausten. Foreløpig vert det fylling direkte frå kompressoren.

Me ber om at luftfyllarar i klubben tek kontakt med leiar i klubben, Torstein Litlabø, for ein liten briefing før kompressoren vert tatt i bruk.