Tur til Gulen 28. - 30. september

gulen dive resort 3Hardangerdykk har invitert oss til å bli med til Gulen Dive Resort helga 28. - 30. september. Det blir ei helg full av flotte dykkeopplevingar og sosialt samvær.

Underteikna har allereie booka og betalt. Veldig kjekt dersom nokon andre blir med.

Informasjon om prisar og fasiliteter finn de på Gulen Dive Resort AS sine heimesider.

Det vert avreise fredag formiddag, slik at me er framme i Gulen tidleg på ettermiddagen. Pakken eg har bestilt er overnatting fredag - søndag, og tillegget med 3 båtdykk. Det vert då eit landdykk på fredagen, to dykk fra båt på laurdagen, og eit båtdykk på søndagen.

Eg reiser opp med eigen bil, men har truleg berre plass til 1 dykkar til med fullt utstyr. Skulle me bli ein større gjeng, får me sjå på alternative transportmuligheter.

gulen dive resort 2gulen dive resort 1gulen dive_resort_5