CMAS* kurs utsett til over nyttår

Stord Undervannsklubb har beslutta å utsetja neste grunnkurs i apparatdykking til over nyttår. Dette gjer me fordi me no har fått mulighet til å køyra eit CMAS*** kurs. Dette vil gje klubben eit godt kompetanseløft, og mulighet til å rekruttera fleire CMAS* instruktørar.

Det er fortsatt mogleg å melda si interesse for kurset ved å fylla ut skjema for dette. For dei som allereie har meldt si interesse, så held me på navnelista og vil informera som avtalt så snart me har fastsatt oppstart for nytt grunnkurs.