Bytte av nøkkel i kompressorbua

Styret har vedtatt å bytte lås i kompressorbua nede på Eldøy. Det er lenge sidan dette vart gjort sist, og me ynskjer å få betre kontroll og rutinar rundt nøklar som er ute.

Me bytter lås i kompressorbua onsdag 16. oktober kl 17:00. Representant frå styret vil vera tilstades i kompressorbua fram til kl. 19:00.

I forbindelse med bytte av lås må alle som ynskjer å få utlevert nøkkel signera for mottatt nøkkel, samt betala eit depositum på kr. 200,-.
Medlemmer som leverer tilbake gammal nøkkel slepp sjølvsagt å betale depositum på nytt. 

Det vert og gitt innføring i bruk av den nye kompressoren for dei som enno ikkje har fått dette.

Dei som ikkje har anledning til å møta opp i kompressorbua på onsdag, kan henvenda seg til Torstein på tlf. 95 43 51 94 for å avtala ny tid.