Teineaksjonen!

Teineaksjonen vil halde fram så lenge det er midlar att å fordela, med eit tak på 200 teiner pr. klubb.

Klubben planlegg medlemsmøte i næraste framtid med "kurs i teineplukking", der det vert informert nærare om korleis rapport skal skrivast og innrapportering føregå. Rapporten skal underskrivast av klubbleiaren og sendast inn saman med bilete samla for klubben.

Skjema for rapportering finn du her:
http://www.ndf.no/Rapporteringsskjema.pdf

Teineaksjonen er eit samarbeide mellom Norges Dykkeforbund og Havforskningsinstituttet. Kvart rapportskjema er med på å danne grunnlaget for viktige forskningsdata. 

 

Meir kan du lesa her:
http://www.ndf.no/index.php?articleid=1149