Det nytta å rydde i hamna på Leirvik!

Nok ein gong; takk til alle sin innsats under ryddedagen 24. september i år! Din deltaking var verdifull for oss!

Klubben har no motteke 30.000 kroner i gåve frå Sparebankstiftelsen DNB via Norges Dykkeforbund (NDF) som takk for innsatsen de gjorde under ryddeaksjonen!

 

Følgjande grunnar løyste ut denne gåva; omfanget av dugnadsinnsats, mengd skrot som vart teke opp, og korleis klubben ønskjer å nytta tildelte midlar i høve til NDF sin vedtekne verksemdplan.

Saman med 10.000 kroner på forskudd i sommar, har NDF i år tildelt oss totalt 40.000 kroner av dei midlane forbundet vårt forvaltar på vegne av Sparebankstiftinga DNB.

Dette kjem godt med til dei aktivitetane klubben driv, vedlikehald, oppgradering og fornying av klubbmateriell, og til kommande aktivitetssamlingar i klubbregi.

 

2016 09_24_--Mange-tomflaskar-og-boksar-i-ryddebagane  14445149 1382077978486658 438448692083527292 o

14468269 1382077791820010 2401091145175757125 o  20160924 122554

2 nye aksjonar skal gjennomførast det kommande året. Den første vert i Sagvåg i april / mai, og den andre på Leirvik i slutten av september.

 

Vi håpar på delktakinga di då også!