Det vert årsmøte i Stord Undervannsklubb torsdag 15. februar 2018. Kl. 18:00.

Me held årsmøtet i lokala til Stord ungdomsskule.

Forslag som skal handsamast på årsmøtet må vera sendt til styret seinast 2 veker før årsmøtet.

Fullstendig sakliste og andre nødvendige saksdokument med forslag vert gjort tilgjengeleg for medlemene seinast ei veke før årsmøtet. 

Viser til §10 i Stord Undervannsklubb sine Lover:


§ 10 Årsmøtet

SUK sitt øvste organ er årsmøtet som vert halde kvart år.

Styret kallar inn til årsmøte minst 4 veker på førehand, direkte til medlemene og / eller ved kunngjering i pressa, eventuelt på idrettslaget si internettside.
Forslag som skal handsamast på årsmøtet må vere sendt til styret seinast 2 veker før årsmøtet. Fullstendig sakliste og andre nødvendige saksdokument med forslag må vere tilgjengeleg for medlemene seinast ei veke før årsmøtet.

Alle medlemene i klubben har tilgjenge til årsmøtet. Årsmøtet kan invitere andre personar og/eller media til å vere til stades, eventuelt vedta at årsmøtet berre er ope for medlemer.

Lovleg innkalla årsmøte er vedtaksført dersom det møter eit tal medlemer som minst svarar til talet på styremedlemmer. Dersom årsmøtet ikkje er vedtaksført, kan det innkallast til årsmøte på nytt utan krav om minimumsdeltaking.

På årsmøtet kan det ikkje handsamast forslag om lovendring som ikkje er oppført på utsend / kunngjord sakliste. Andre saker kan handsamast når 2/3 av dei med stemmerett på årsmøtet vedtek det, ved godkjenning av saklista.

 

Til alle medlemmer i SUK

Tid for å betale årskontingent for 2017 – innan 31. mars!


Stord Undervannsklubb er ein del av det friviljuge idretts-Norge, og tilbyr mange forskjellige aktivitetar innan dykking på ulike plan og for ulike aldersgrupper. Klubben har også mykje kostbart utstyr som vi ønskjer skal gjera tilgangen til dykkinga enklare og meir interessant for medlemmane.

 

Samstundes vert det satsa på fellesskap og trivsel gjennom tilbod om bassengtrening, felles dykketurar og andre samlingsaktivitetar.

 

Håper du framleis ønskjer å vera med vidare!


 

Klubben har følgjande medlemskategoriar / kontingentar for 2017:

Hovudmedlem: 950,-  For aktive dykkarar og personar som ikkje dykker, men som ønskjer ei fast tilknyting til klubb og dykkemiljøet.

Maximedlem: 1250,-  For aktive dykkarar som ønskjer å forhåndsbetala eitt års ubegrensa eige luftforbruk.


Fridykkarmedlem: 600,-  
For aktive fridykkarar til og med det året dei fyller 18 år.


Familiemedlem:
Familiemedlem av hovud- / maxi- / fridykkarmedlem betaler halv pris av hovudbetalar sin kontingent. Familiemedlemen må bu på same adresse som hovudbetalaren.

 

NB! – Viktig å gjera når du betalar:

  • Før på namn, postadresse, e-postadresse, mobilnummer og fødselsdato på innbetalinga! Dette gjeld også familiemedlemmar.

    Dette er viktige opplysningar vi treng både for å kunne senda deg informasjon, og for å kunne få deg rett registrert i Norges Idrettsforbund og i Norges Dykkeforbund.

     

Betal på kontonummer 3520.07.10167 (innan 31. mars 2017).

 

Registrèr deg i MIN IDRETT – nyttig verkty for deg og klubben:

Min idrett er ditt personlege utgangspunkt for å bruka idretten si medlemsdatabase, og for å lette klubben med ajourføringa av medlemsregisteret. Følg oppfordringa vår om å registrera deg på «Min Idrett»!

 

 

Vi snakkast på neste dykketur eller i bassenget!

 

Helsing styret i Stord Undervannsklubb.

 

 

suk logo

Lover og forskrifter

Her kan du finne diverse lovbestemmelser, forskrifter og retningslinjer fra bl.a. Norske Stat og NDF.

Om oss

Klubben vart stifta i 1975 og har sidan den gang hatt regelmessige dykketurar i sunnhordland, både i fjordane og ute i havet mellom dei ytste skjæra.

Klubben vart medlem av norges dykkeforbund i 1976, og var med på skipinga av hordaland dykkekrets året etter.

Dei første medlemmane vart rekrutterte frå kurs halde av tilreisande skular. Sidan 1977 har klubben halde eigne kurs.

 

 

Husk grasrotandelen!

Neste gang du leverer inn tippinga bli grasrotgiver og støtt Stord undervannsklubb med grasrot nr. 997 323 726

CMAS* kurs utsett til over nyttår

Stord Undervannsklubb har beslutta å utsetja neste grunnkurs i apparatdykking til over nyttår. Dette gjer me fordi me no har fått mulighet til å køyra eit CMAS*** kurs. Dette vil gje klubben eit godt kompetanseløft, og mulighet til å rekruttera fleire CMAS* instruktørar.

Det er fortsatt mogleg å melda si interesse for kurset ved å fylla ut skjema for dette. For dei som allereie har meldt si interesse, så held me på navnelista og vil informera som avtalt så snart me har fastsatt oppstart for nytt grunnkurs.

Bassengtider i Stord Kulturhus

Klubben leiger bassenget i Stord Kulturhus klokka 19:00 til 22:00, kvar mandag i skuleåret. Alle medlemmer i klubben, samt næraste famile, har då fri adgang i bassenget.

Fridykkargruppa har fastsette treningar i det store bassenget fram til kl. 21:00, og øvrige medlemer bes respektere dette og ikkje væra i veien for treningsopplegget.

 

Treningstider

Fridykkarar, yngste gruppa kl. 19:00 - 20:00
Fridykkarar, eldste gruppa kl. 20:00 - 21:00
Apparatdykkarar/fri tilgang kl. 21:00 - 22:00

 

Barnebassenget er ope for alle. Medlemmer med små barn nyttar ofte dette kl. 19:00 - 20:00.

Hyttelandsbyen på Føyno

Litt info her...

Grottene på Huglo

Litt info kommer her...

Langestraumen

Laungestraumen på Bømlo byr på ei fantastisk oppleving! Det trange sundet gjer at tidevatnet skapar ein kraftig straum. Med ein dybde på maks 9 meter, gir dette anledning for dei fleste til å oppleva å bli dratt avgårde av naturkreftene.

Sundet er nokså trafikert, så vær nøye med varsling. Ha dykkeflagget oppe! Det er også naudsynt med sikringsbåt.

I påsken 2011 var Bladet Sunnhordland med oss på tur til Langestraumen. Saken kan du sjå her...

Vraket av Helene Jensen

helene jensenVraket av Helene Jensen ligg ved Tangableikja i Nyleia, mellom Stord og Bømlo. Tilkomsten må skje med båt, men det er gode muligheter for oppankring, og feste i land. 

Akterenden av vraket ligg på ca. 12 meter, og vraket står skrått nedover fjellsida med baugen på ca. 40 meter. Dybdeforholda gjer dermed at dette er eit vrakdykk som passar for nybegynnarar såvel som erfarne dykkarar.

Vraket er intakt, men har vore utsatt for plyndring.

Området rundt Tangableikja byr elles på flott terreng i varierande dybder.

Her er ein film frå dykking på vraket