Til alle medlemmer i SUK

Tid for å betale årskontingent for 2017 – innan 31. mars!


Stord Undervannsklubb er ein del av det friviljuge idretts-Norge, og tilbyr mange forskjellige aktivitetar innan dykking på ulike plan og for ulike aldersgrupper. Klubben har også mykje kostbart utstyr som vi ønskjer skal gjera tilgangen til dykkinga enklare og meir interessant for medlemmane.

 

Samstundes vert det satsa på fellesskap og trivsel gjennom tilbod om bassengtrening, felles dykketurar og andre samlingsaktivitetar.

 

Håper du framleis ønskjer å vera med vidare!


 

Klubben har følgjande medlemskategoriar / kontingentar for 2017:

Hovudmedlem: 950,-  For aktive dykkarar og personar som ikkje dykker, men som ønskjer ei fast tilknyting til klubb og dykkemiljøet.

Maximedlem: 1250,-  For aktive dykkarar som ønskjer å forhåndsbetala eitt års ubegrensa eige luftforbruk.


Fridykkarmedlem: 600,-  
For aktive fridykkarar til og med det året dei fyller 18 år.


Familiemedlem:
Familiemedlem av hovud- / maxi- / fridykkarmedlem betaler halv pris av hovudbetalar sin kontingent. Familiemedlemen må bu på same adresse som hovudbetalaren.

 

NB! – Viktig å gjera når du betalar:

  • Før på namn, postadresse, e-postadresse, mobilnummer og fødselsdato på innbetalinga! Dette gjeld også familiemedlemmar.

    Dette er viktige opplysningar vi treng både for å kunne senda deg informasjon, og for å kunne få deg rett registrert i Norges Idrettsforbund og i Norges Dykkeforbund.

     

Betal på kontonummer 3520.07.10167 (innan 31. mars 2017).

 

Registrèr deg i MIN IDRETT – nyttig verkty for deg og klubben:

Min idrett er ditt personlege utgangspunkt for å bruka idretten si medlemsdatabase, og for å lette klubben med ajourføringa av medlemsregisteret. Følg oppfordringa vår om å registrera deg på «Min Idrett»!

 

 

Vi snakkast på neste dykketur eller i bassenget!

 

Helsing styret i Stord Undervannsklubb.

 

 

suk logo