Det vert årsmøte i Stord Undervannsklubb torsdag 15. februar 2018. Kl. 18:00.

Me held årsmøtet i lokala til Stord ungdomsskule.

Forslag som skal handsamast på årsmøtet må vera sendt til styret seinast 2 veker før årsmøtet.

Fullstendig sakliste og andre nødvendige saksdokument med forslag vert gjort tilgjengeleg for medlemene seinast ei veke før årsmøtet. 

Viser til §10 i Stord Undervannsklubb sine Lover:


§ 10 Årsmøtet

SUK sitt øvste organ er årsmøtet som vert halde kvart år.

Styret kallar inn til årsmøte minst 4 veker på førehand, direkte til medlemene og / eller ved kunngjering i pressa, eventuelt på idrettslaget si internettside.
Forslag som skal handsamast på årsmøtet må vere sendt til styret seinast 2 veker før årsmøtet. Fullstendig sakliste og andre nødvendige saksdokument med forslag må vere tilgjengeleg for medlemene seinast ei veke før årsmøtet.

Alle medlemene i klubben har tilgjenge til årsmøtet. Årsmøtet kan invitere andre personar og/eller media til å vere til stades, eventuelt vedta at årsmøtet berre er ope for medlemer.

Lovleg innkalla årsmøte er vedtaksført dersom det møter eit tal medlemer som minst svarar til talet på styremedlemmer. Dersom årsmøtet ikkje er vedtaksført, kan det innkallast til årsmøte på nytt utan krav om minimumsdeltaking.

På årsmøtet kan det ikkje handsamast forslag om lovendring som ikkje er oppført på utsend / kunngjord sakliste. Andre saker kan handsamast når 2/3 av dei med stemmerett på årsmøtet vedtek det, ved godkjenning av saklista.