Bassengtider i Stord Kulturhus

Klubben leiger bassenget i Stord Kulturhus klokka 19:00 til 22:00, kvar mandag i skuleåret. Alle medlemmer i klubben, samt næraste famile, har då fri adgang i bassenget.

Fridykkargruppa har fastsette treningar i det store bassenget fram til kl. 21:00, og øvrige medlemer bes respektere dette og ikkje væra i veien for treningsopplegget.

 

Treningstider

Fridykkarar, yngste gruppa kl. 19:00 - 20:00
Fridykkarar, eldste gruppa kl. 20:00 - 21:00
Apparatdykkarar/fri tilgang kl. 21:00 - 22:00

 

Barnebassenget er ope for alle. Medlemmer med små barn nyttar ofte dette kl. 19:00 - 20:00.