Mørkedykk til Bjoa!

Fredag 20. januar vert det klubbtur (mørkedykk.) Turen går med Kobben til Bjoa, avgang frå Eldøy seinast 18:00.  

Me oppfordrar dei som treng å fylle luft om å ordne dette på førehand, eller stilla seinast kl. 17:30.  

Værvarselet ser greit ut, litt regn, men rolig vind. http://www.yr.no/sted/Norge/Rogaland/Vindafjord/Bjoafjorden/langtidsvarsel.html


Det vert anleding til fleire typar dykk, alt etter ferdighetsnivå/sertifisering. På Bjoa kan ein dykka ein enkelt dykk inni vågen der me ankrar opp. Dette passar godt for dykkarar som har begrensa erfaring med mørkedykk, men ynskjer å prøva seg. For CMAS*/**(tilsvarande) dykkarar med mykje erfaring med mørkedykk er det mulig å dykka ved Fyret.  

Møteplass Google Maps

 

image00

image01

Sommeravslutning 13. Juni

Det blir en sommeravslutning på Føyno 13. Juni kl. 18. Det blir fri/dykking fra kaien for de som vil, ribben går ut i nærområdet for de som vil det. Med lett grilling etterpå.
Påmelding på telefon 930 39 130 

Mørkedykk fredag 10. januar 2014

otterøya100114Fredag 10. januar vert det tur med mørkedykk. Turen går med Kobben til Otterøya, med avgang frå Eldøy seinast 17:30. 

Me oppfordrar dei som treng å fylle luft om å ordne dette på førehand, eller stilla seinast kl. 17:00. 

Værvarselet ser greit ut.

Det er flo akkurat når me er klare til å gå i sjøen.

Det vert anleding til fleire typar dykk, alt etter ferdighetsnivå/sertifisering. På Otterøya kan ein dykka ein enkelt dykk inni vågen der me ankrar opp. Dette passar godt for dykkarar som har begrensa erfaring med mørkedykk, men ynskjer å prøva seg.

For CMAS**/*** dykkarar med mykje erfaring med mørkedykk er det mulig å dykka på Hestholmflu eller Klasen.

For påmelding/info, kontakt Bjørn Eilertsen, telefon 93039130.

Fridykking på Føyno!!

Lørdag den 15.Juni tok fridykkarane turen til Føyno for å dykka og kosa seg saman før sommaren startar for fullt. Kl.11 var det oppmøte med kaien og grillen blei tent. Fridykkarane var overalt og sklei ned i våtdraktane og var klare for livet under overflata. Foreldre var med å sto for det meste for grillinga :) 
For mange var dette det første dykket i sjøden, så litt usikkerhet var det. Men alle som ville i sjøden klarte dette :D 

Eit par fridykkarar fullførte CMAS ** og to stk fullførte CMAS ***!! Gratulera så mykje til dei!! :D 

Dykkeaktivitet på Skjersholmane

Søndag 10.06.2012 tok fridykkarane turen til Skjersholmane for å dykka ute. Fina veret kom som bestilt og varte utover dagen. Me starta kl.10 og det var komet eit par ivrige fridykkarar. Alle som hadde tenkt seg i vatnet fekk på seg våtdrakt og hoppa i sjøen. Nokre av dei prøve til og med dei nye draktene som klubben hadde kjøpt inn. Alle som var i vatnet haldt på med CMAS ** og mesteparten av aktiviteten i vatnet gjekk på å gjennomføre desse oppgåvene.

Det var i alt ein hyggelig tur og me satsar på å gjere da igjen snart.

Bunn i sikte!

storskjaerEtter lang tid med svært dårleg sikt, og forventningar om at sesongen går mot slutten, skjedde det plutseleg noko i sjøen.

Den 29. april gjekk turen til Storskjær på Tittelsnes. Allereie inne i havna på Eldøy kunne me ana at noko var på gang.

Avspasering for sjelefred...

IMG 3197Det er fredag igjen og me, Morten og Torstein, syns det er tid for å ta "The Black Pearl" ut på tokt. Avspaseringsdykk om fredagane er balsam for sjela. Me kjem oss vekk frå kvardagsmaset, både frå kundar og familie. 

Betre start på helga skal ein leite lenge etter!