Mørkedykk fredag 10. januar 2014

otterøya100114Fredag 10. januar vert det tur med mørkedykk. Turen går med Kobben til Otterøya, med avgang frå Eldøy seinast 17:30. 

Me oppfordrar dei som treng å fylle luft om å ordne dette på førehand, eller stilla seinast kl. 17:00. 

Værvarselet ser greit ut.

Det er flo akkurat når me er klare til å gå i sjøen.

Det vert anleding til fleire typar dykk, alt etter ferdighetsnivå/sertifisering. På Otterøya kan ein dykka ein enkelt dykk inni vågen der me ankrar opp. Dette passar godt for dykkarar som har begrensa erfaring med mørkedykk, men ynskjer å prøva seg.

For CMAS**/*** dykkarar med mykje erfaring med mørkedykk er det mulig å dykka på Hestholmflu eller Klasen.

For påmelding/info, kontakt Bjørn Eilertsen, telefon 93039130.