Avspasering for sjelefred...

Skipper MortenKaptein Morten på "The Black Pearl"Det er fredag, for nokon den lengste dagen i veka. Men friskusane Morten og Torstein har andre planar. Annankvar fredag, ihvertfall sånn cirka, er det berre ein ting som gjeld; Avspaseringsdykk!

Denne gongen går turen ut i Dyvik, der bur Morten, og der ligg stoltheten "The Black Pearl" og ventar, lunefult. Det har skjedd at Torstein har rodd, medan Morten har dratt i snora på motoren(kva som er mest slitsomt, seier historien ingenting om). Men denne dagen ser alt ut til å gå vegen. Med "tjuvlånt" påhengs, bær det ut mot Dyvikholmane.

Det er utan tvil eksotisk å dykka i Noreg på denne tida av året. Denne dagen snør det godt på veg utover, og om værmeldinga hadde sagt "snø over 800 meter" måtte me ha heva augnebryno. Her ligg snøen heilt ned i fjøresteinane, og den gir seg ikkje med det. Blæretangen er innhylla i slush. Bedre enn dette kan ein ikkje få det.

I dag skal det dykkast på innsida av Midtholmen. Det viser seg å ikkje væra det mest spennande terrenget. På 20 meter ligg ei stor slette med sand/mudder, og det er lite liv å sjå. Kan hende det er derfor Stord Hamnestell gjerne vil koma i kontakt med potensielle innbyggjarar her nede?

Til tross for ein litt einsforming oppleving under vatn, så er turen ein suksess. Det vart eit vel gjennomført dykk, i eksotiske omgjevnader. Vel tilbake på kaien er me i sprudlande humør, og klare for å la helga siga innover oss.

IMG 3201Snøen ligg som slush i fjøresteinaneIMG 3216Stord Hamnestell vil gjerne ha kontakt

Kommentarer  

 
#2 Morten 06-03-2012 14:16
Slike dagar er gull :-)
 
 
#1 Torstein Litlabø 06-03-2012 11:46
Ja, dette var litt av ein tur. Skikkelig stemning med nedsnøa båt! :-)
 

You have no rights to post comments