Mørkedykk til Bjoa!

Fredag 20. januar vert det klubbtur (mørkedykk.) Turen går med Kobben til Bjoa, avgang frå Eldøy seinast 18:00.  

Me oppfordrar dei som treng å fylle luft om å ordne dette på førehand, eller stilla seinast kl. 17:30.  

Værvarselet ser greit ut, litt regn, men rolig vind. http://www.yr.no/sted/Norge/Rogaland/Vindafjord/Bjoafjorden/langtidsvarsel.html


Det vert anleding til fleire typar dykk, alt etter ferdighetsnivå/sertifisering. På Bjoa kan ein dykka ein enkelt dykk inni vågen der me ankrar opp. Dette passar godt for dykkarar som har begrensa erfaring med mørkedykk, men ynskjer å prøva seg. For CMAS*/**(tilsvarande) dykkarar med mykje erfaring med mørkedykk er det mulig å dykka ved Fyret.  

Møteplass Google Maps

 

image00

image01