"Ribben"

Hausten 2011 gjekk klubben til innkjøp av ein RIB av typen Zodiac 650 Pro. Båten er foreløpig udøypt, men går under kallenavnet "Ribben".

Båten held ein marsjfart på 20 knop når den er lasta med 6-8 dykkarar i fullt utstyr, og er ideell til dykketurar i nærområdet Huglo, Fjelberg, Tittelsnes, Føyno, Rubbestadneset.

Kobben

"Kobben" er ein 34 fot ombygd livbåt i plast. Den har grei innredning og fasiliteter for fine overnattingsturar. "Danske Bysse" som varmer opp inne om vinteren, ( eller når det er kaldt ) gjer at det blir meget bra temp. "Kobben" tar ca.12-14 dykkere med utstyr for vanlig dagsturer , og 6-8 på overnattingsturar.  Den gjer ein fart på ca. 8-9 knop.

Bli båtfører i klubben?

For å bli båtførar i Stord Undervannsklubb må du ha fylt 24 år, og inneha gyldig båtførerbevis. Dette gjeld også båtførarar født før 1980.

Alle båtførarar skal også gjennomgå opplæring i, og sjekkast ut på kvar enkelt av båtane.

Dersom båtførar skal kunne arrangere klubbtur, skal vedkommande også ha kompetanse innan dykkeledelse, eller ha med seg ein annan person med slik kompetanse.