Bytte av nøkkel i kompressorbua
- Detaljer
- Opprettet tirsdag 15. oktober 2013 06:12
Styret har vedtatt å bytte lås i kompressorbua nede på Eldøy. Det er lenge sidan dette vart gjort sist, og me ynskjer å få betre kontroll og rutinar rundt nøklar som er ute.
Me bytter lås i kompressorbua onsdag 16. oktober kl 17:00. Representant frå styret vil vera tilstades i kompressorbua fram til kl. 19:00.
CMAS*** startar opp 19. september
- Detaljer
- Opprettet mandag 09. september 2013 06:50
Stord Undervannsklubb startar opp CMAS*** kurs 19. september. Påmelding til kurset finn du i kurs menyen her på sida. Det er begrensa med plasser på kurset.
CMAS* kurs utsett til over nyttår
- Detaljer
- Opprettet mandag 09. september 2013 06:29
Stord Undervannsklubb har beslutta å utsetja neste grunnkurs i apparatdykking til over nyttår. Dette gjer me fordi me no har fått mulighet til å køyra eit CMAS*** kurs. Dette vil gje klubben eit godt kompetanseløft, og mulighet til å rekruttera fleire CMAS* instruktørar.
Det er fortsatt mogleg å melda si interesse for kurset ved å fylla ut skjema for dette. For dei som allereie har meldt si interesse, så held me på navnelista og vil informera som avtalt så snart me har fastsatt oppstart for nytt grunnkurs.
Samla trykkprøving av flasker
- Detaljer
- Opprettet fredag 12. juli 2013 05:05
Sommaren er for mange lavsesong for dykking. Kanskje det då kunne passa å levera inn noko av utstyret til kontroll?
I forbindelse med at klubben sine dykkeflasker skal inn til trykkprøving no, får me anledning til at medlemmer kan levere inn flasker samstundes. På flaskene som vert levert samla får me 10% rabatt på ordinær pris. Siste frist for å bli med på samla levering er fredag 19. juli. Tilbudet gjeld kun for medlemmer som har betalt kontingent i år, og kun ved samla levering organisert gjennom klubben.
Trykkprøvinga vert utført av Alf Lea & Co. i Haugesund.
Ta kontakt med Torstein på tlf. 95 43 51 94 for meir informasjon.
Fridykking på Føyno!!
- Detaljer
- Opprettet fredag 28. juni 2013 14:58
Lørdag den 15.Juni tok fridykkarane turen til Føyno for å dykka og kosa seg saman før sommaren startar for fullt. Kl.11 var det oppmøte med kaien og grillen blei tent. Fridykkarane var overalt og sklei ned i våtdraktane og var klare for livet under overflata. Foreldre var med å sto for det meste for grillinga :)
For mange var dette det første dykket i sjøden, så litt usikkerhet var det. Men alle som ville i sjøden klarte dette :D
Eit par fridykkarar fullførte CMAS ** og to stk fullførte CMAS ***!! Gratulera så mykje til dei!! :D
Kurs i Marinarkeologi 26. - 28. april
- Detaljer
- Opprettet lørdag 06. april 2013 08:35
Helga 26. til 28. april inviteres det til treff og kurs i Marinarkeologi på Bømlo.
Dette er ein glimrande anledning til å utvida horisonten under vatn!
Medlemsmøte 12. desember 2012
- Detaljer
- Opprettet mandag 10. desember 2012 07:53
Det vert medlemsmøte i Stord Undervannsklubb, onsdag 12. desember kl. 19:00. Me låner lokala til ESS på Eldøy for dette (vegg i vegg med kompressorbua). Det vert enkel servering med julekaker, saft og gløgg.
Informasjonsmøte CMAS* Apparatdykkerkurs
- Detaljer
- Opprettet torsdag 13. september 2012 17:15
Det nærmar seg oppstart av haustens CMAS* Apparatdykkarkurs for nybegynnarar.
Me oppfordrar alle som er interessert i å ta dette kurset til å melda si interesse ved å fylla ut skjema for dette! (Dersom du veit du har registrert deg før, treng du ikkje registrere deg på nytt).
Det vert informasjonsmøte på Stord Ungdomsskule, torsdag 20. september kl. 18:00 - 19:00.
Me oppfordrar alle som ynskjer å ta kurset om å stille opp på møtet!
Overnattingstur til Espevær 21. til 22. september
- Detaljer
- Opprettet onsdag 12. september 2012 05:40
Fredag 21. september går turen til Espevær!
Dette er ein overnattingstur, med mulighet for flotte dykk og mykje sosialt samvær.
Ved ankomst fredagskvelden vert det lagt opp til eit mørekedykk, og på laurdag vert det sjølvsagt også dykking før heimreise.
For meir informasjon og påmelding, kontakt Martin Hamre på telefon 922 10 143.
Tur til Gulen 28. - 30. september
- Detaljer
- Opprettet torsdag 09. august 2012 11:19
Hardangerdykk har invitert oss til å bli med til Gulen Dive Resort helga 28. - 30. september. Det blir ei helg full av flotte dykkeopplevingar og sosialt samvær.
Underteikna har allereie booka og betalt. Veldig kjekt dersom nokon andre blir med.