Koronavettreglar for Stord Undervannsklubb

Med godt vær, rolege forhold og livet som startar opp att i sjøen kan ein godt tenkja seg å ta ein tur ut i sjøen att.

Me som Stord Undervannsklubb har ingen organisert aktivitet inntil videre, men medlemmane kan organisere og annonsere på eiget initiativ. Hold deg oppdatert på nyhende og anbefalingar frå helsemyndigheiter, Stord Kommune, NIF, NDF og Stord Undervannsklubb før du tar vurderinga om du skal dykke eller ei.

Følgande reglar og tiltak er basert på FHI, NIF og NDF sine råd og er ikkje nødvendigvis fullstendige. Les gjennom retningslinjene sjølv og ta ein vurdering.  

Ikkje dykk viss du har symptom på luftvegsinfeksjonar!
Klubbens utstyr og båtar er heller ikkje til utlån i denne perioden.  

Viktige punkter frå koronavettreglene: 

  • Maks 5 personar i en gruppe

  • Hold 2 meters avstand til en ver tid også i båt!

  • Snevra inn tal personar du er i kontakt med. Hold deg gjerne til same buddy eller team.

  • Hold deg til egent utstyr! Smitte spreie seg også via hanskar.

  • Dykk sikkert og trygt, ikkje ta toppturen nå! 

Tips og rutiner på turen

1.

Planlegg turen. Kan ein køyre kvar for seg?  Sjekk over utstyr, vær, vind, flo, fjære og strøym på forhånd. Legg ein plan for å redusera unødvendig eksponering og risiko. Tenk sikkerheit!

2.

Finn eit passande sted å dykka. Behøver ein eigentleg båt? Prøv å finn ein roleg vik med interessante dykk på grunna! Nå er ikkje tida å pressa seg sjølv og ta “Toppturen”.

3.

Fylling av tankar skjer med eigene reglar, disse kan ein lese nedanfor og på plakatane i klubbhuset. Hugs å ta med antibac, sprit hendene og handtaka før ein går inn!

4.

Når ein møtes hugs å halde avstand, gi kvarandre eit smil, ein vink eller air high five! Ta ein prat, planlegg dykket og snakk om sikkerheita.

5.

Skift kvar for dokke, ikkje del utstyr og hald god avstand til kvarandre. 

6.

Hop i det! Hald 2 meters avstand til kvarandre og unngå å spytte når du kjem opp.

7.

Når ein er på land skal ein skifte slik at makkeren ikkje blir eksponert for vatn frå drakt. P.S. Skyll utstyr heime!

8.

Snakk om dykket og gi kvarandre eit nytt smil, ein vink eller air high five 

Fylling av luft

1.

Desinfiser hendene før ein går inn

2.

Ha døra oppe 

3.

Berre ein person om gongen

4.

Ta på så lite som mogleg 

5.

Desinfiser hender og eiget utstyr

6.

Desinfiser berøringsoverflater, inkludert handtak osv. 

7.

Fyll luft 

8.

Desinfiser berøringsoverflater igjen 

9.

Desinfiser eiget utstyr og hender

10.

  La lyset stå på!

11.

Me tar for tida berre betaling med Vipps, husk å noter kor mange flasker og kven det er for 

Lenkjer til info: 

NIFs anbefalingar kan ein finne her pr. 06.04
NDFs
koronavettregler kan en finne her pr. 06.04
FHIs
samleside finn en her
Stord kommune si samle side finn du
her