Medlemskap i 
Stord Undervannsklubb

Photo by Francisco Jesus Navarro Hernandez

Barn- & ungdomsmedlem

er medlemskapet for unge dykkarar til og med det året dei fyller 18 år Denne gruppa driver hovudsakeleg med fridykking. Da bruker du berre maske, snorkel og svømmeføter.

Me har opplæring og trening i Bassenget i Kulturhusets kvar måndag, fordelt på to grupper. Her utviklar me kunnskap om kordan kroppen fungerer i vatnet, utvikle symjeferdigheiter, vannfølelse, fridykkarteknikk og tryggheit i vann.

Me har utstyr til utlån, men anbefaler å skaffe eiget utstyr på sikt.

Hovudmedlem

Er for både dei som fridykkar, apparatdykkarar som ikkje behøver ubegrensa luftforbruk og personar som ønskjer ei fast tilknyting til klubben og dykkemiljøet.

Me har fleire aktive medlemmar som driv bland anna med undervannsjakt og undervannsfoto i denne medlemsgruppa.

 

Maxi-medlem

Er kontingenten som lønnar seg for apparatdykkarar med fleire enn 6 dykk i året. Dette medlemskapet inkludera eitt års personleg luftforbruk, rekna frå årsmøte til årsmøte.

Familiemedlem av hoved– / maxi– / fridykkarmedlem betaler halv pris av hovedbetaler sin kontingent. 

Familiemedlem må bu på samme adresse som hovudbetalaren.